Aure kommune
 
 
 
Se hele menyen

Aure kommune

Meny

Ordførerens side

Ingunn Golmen 2015

 

Kontaktinformasjon

Ordfører: Ingunn Oldervik Golmen
Besøksadresse: Aure rådhus, 6690 Aure
Tlf.: 71 64 74 04
e-post: ingunn.golmen@aure.kommune.no

Julehelsing frå ordføraren

Året 2016 er snart over, og julehøgtida ventar på oss. Det er tid for å sjå attende og reflektere litt over året som er på hell, og sjå framover til det som kjem.

Sørvågen på Vinsternes i vinterskrud

1.januar 2016 var det 10 år sidan Aure og Tustna gjekk saman til ein kommune, og i mars hadde vi ei flott markering av 10-jubileet med ein stor konsert i Aure Arena, der vi fekk vist fram bredda i det lokale kulturlivet vår. På kvelden var det fest for dei ansatte i kommunen.

Det vanka mange godord frå både gjestar og publikum om at arrangementa var vellykka, og ein fin måte å feira oss sjølve og kommunen vår på.

2016 var og året der drøfting rundt kommunestruktur og regionreform tok mykje av tida. Etter omfattande møteverksemd og forhandlingar med nabokommunane våre, inngjekk Aure to intensjonsavtalar om samanslåing. Ein nordover saman med Hemne, Halsa og deler av Snillfjord, og ein sørover saman med Kristiansund og fem andre nabokommunar på Nordmøre. Avtalene vart presentert for innbyggarane gjennom tre folkemøte, og i april heldt vi folkerøysting. Resultatet kjenner dei fleste, 76% ønskte at Aure skulle fortsetje som eigen kommune. Det klåre rådet vart følgd av eit samstemt kommunestyre, og eg forventar at regjering og Storting held det dei har sagt, og ikkje overprøver lokale vedtak.

Når det gjeld regiontilknytning er det meir sprik i meiningane. Skal Aure fortsette å høyre til i Møre og Romsdal, eller bør vi heller søke om å bli ein del av nye Trøndelag? Debatten går, og i samråd med nabokommunane våre fortsett vi utgreingane rundt ein eventuell søknad om overflytting. Søknaden må i tilfelle sendas tidlig på nyåret, før Stortinget skal fastsette grensene for dei nye regionane til sommaren.

Utover dei store struktursakene, har mange andre viktige saker vore oppe til handsaming gjennom året. Ny reguleringsplan for sentrumsområdet Smibekk – Flatmarka, der Coop planlegg nytt forretningsbygg, vart vedteke på siste kommunestyre. Kommunen har og vedteke å kjøpe fleire bygg, blant anna det gamle Coop-bygget, for å kunne realisere reguleringsplana. Ei viktig føresetnad er å flytte brannstasjonen til Kjelklia, der vi på sikt håper å kunne samle både politi og ambulansestasjon til ein felles base for «blålyseiningane».

Gjennom året har det og vore jobba mykje med ny arealplan, særleg med vekt på å finne gode område for nye næringsetableringar. Områder for boligar, særlig nært sentrum, er det og fokus på. Kommunestyret har vedteke å kjøpe 4 einingar i eit nytt leilighetsbygg som er i ferd med å bli realisert, og har laga plan for korleis ein kan få i gang meir bygging av fleire utleigeboligar.

På nyåret starter vi arbeidet med å utarbeide strategisk næringsplan for kommunen vår. Det er viktig å ha ein heilskapleg tenking i måten vi jobbar på, for å sikre at vi gjer dei rette grepa for å tiltrekka oss nye verksemder. Eg håper mange vil engasjere seg i dette viktige arbeidet.

Elles gler vi oss over å ha eit variert og livskraftig næringsliv i Aure, særleg dei næringane som er knytte til oppdrettsverksemda, går svært godt og gjev mange gode arbeidsplasser.

Gullstein kirke i vinterskrud

Aure kommune har i mange år hatt gode inntekter frå eigendomsskatt og ekstra overføringar som følgje av sammenslåinga av Aure og Tustna. I åra framover vil desse midlane bli redusert, og vi kjem ikkje unna å ta ein grundig gjennomgang av heile den kommunale organisasjonen for å få betre samsvar mellom utgifter og inntekter. Det er viktig å gå inn i arbeidet med opne sinn, og sjå etter løysingar som kan gje økonomiske innsparingar og samtidig halde oppe det gode tjenestetilbodet vi ønskjer å ha overfor innbyggarane våre.

Like før jul kom Aure frivilligsentral så smått i gang. Eg håper det kan bli eit aktivum for å få enda tettare samarbeid mellom frivillig arbeid og kommunal verksemd. Uten all innsatsen som frivillige gjer, hadde kommunen våre mykje fattigare på mange vis. Takk til alle som bidreg med frivillig innsats på mange plan!

Jula er i tid for hygge og samling av familie og vener. For nokre i rundt oss, blir det ein annleis jul i år, fordi dei har mista ein av sine kjære. Den tomme plassen er ekstra synleg i slike høgtidsstunder, og eg sender ekstra gode tankar til dei som slit med sorg og sakn denne jula. Og så ei lita påminning til oss alle; Den beste gåva ein kan gje er ofte å ta seg tid til eit besøk, ein god prat eller ei handsrekning til ein som treng hjelp. Det kostar ikkje all verda, men gir mykje attende både til givar og mottakar.

Ta vare på kvarandre, og ha ei riktig fin julehøgtid, til tross for ruskeværet som herjar med oss!

 

Beste helsing frå Ingunn

Sist endret 22.12.2016 14:44:49
Postboks 33
6689 Aure
Epost
Telefon: 71 64 74 00
Faks: 71 64 74 08
Org.nr.: 988 913 898
Kontonr.: 4202 0399028
Kommunenr.: 1576
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.