Aure kommune
 
 
 
Se hele menyen

Aure kommune

Meny

Dåp

I heile den kristne kyrkje er dåpen det grunnleggjande teiknet som dannar utgangspunkt for den døypte sitt liv i trua og i kyrkja. Den kristne dåpen vert praktisert på ulike måtar i dei ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har vi barnedåp. Omkring 45.000 barn blir døypt inn i Den norske kyrkje kvart år. Det er gjennom dåp ein blir medlem av Den norske kyrkje.

Det er ei forutsetning for dåp av barn at dei vert oppseda i den kristne trua. Når borna blir døypte, skjer det difor i forventning om at dei skal ta del i kyrkja si dåps- og konfirmasjonsopplæring.
Den norske kyrkje ventar at den som er medlem av kyrkja, melder sitt barn til dåp, og barnet bør, så sant det er mogleg, døypast før det er tre månader gammalt. Dåp skal meldast i god tid til presten/kyrkjelyden.

Dåpsdag

Kontakt kyrkjekontoret i Aure for å avtale dåpsdag.


Opplysningar kyrkjekontoret spør etter:

Namn og fødselsdato, eventuelt personnummer på barnet. Er   skjema for namneval utfylt og returnert til folkeregisteret?

  • Namn, adresse og telefonnummer til foreldre.
  • Namn og adresse på fadrar. Sjå under.

Dersom du ikkje bur i Aure kommune må du òg:

  • Kontakte det lokale kyrkjekontoret og opplyse om dåpsdagen.
  • Gje dei same opplysningane som over, og avtale dåpssamtale med presten på heimplassen. Presten vil deretter sende ei dåpsmelding til soknepresten i Aure.

Dersom du er busett i utlandet, må kyrkjekontoret ha fødselsattest på barnet og foreldra, med mindre dei har vore busett i Aure tidlegare.

Fadrar

Det skal vere minst to og høgst seks fadrar. Fadrane må vere personar som er medlemmar av Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen. Den som skal vere fadder, må vere fylt femten år. Foreldre kan ikkje vere fadrar til sitt eige barn. Fadrane blir ført inn i kyrkjeboka.

Fadderen si oppgåve

Ein fadder tek på seg ei ansvarsfull oppgåve. Fadderen skal for det første være vitne om at barnet er døypt med ein kristen dåp. For det andre lovar fadderen å be for barnet og lære barnet å be. Dessutan skal fadderen hjelpe barnet til å bli kjent med bibelhistoriene og oppmuntre det til å gå til nattverd. I ein sum skal fadderen hjelpe til at barnet "skal verte verande hos Kristus når det veks opp".

Barnets oppvekst

En fadder tek på seg eit langtidsoppdrag. Fadderen skal følgje barnet gjennom oppveksten, og vise det kjærleik og omtanke. Fadderforpliktinga kan til dømes følgjast opp ved å gje barnet ein barnebibel, vitje barnet eller sende det ei helsing på dåpsdagen, oppmuntre foreldra til å ta med barnet på familiegudstenester og søndagsskole, eller ved å tilby seg å ta barnet med på gudsteneste sjølv.

La barnet bli medlem i dåpsklubben Tripp trapp

Sist endret 13.09.2017 16:03:15
Postboks 33
6689 Aure
Epost
Telefon: 71 64 74 00
Faks: 71 64 74 08
Org.nr.: 988 913 898
Kontonr.: 4202 0399028
Kommunenr.: 1576
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.