Aure kommune
 
 
 
Se hele menyen

Aure kommune

Meny

Vigsel

Eit ekteskap blir inngått når ei kvinne og ein mann i nærvær av vitne gir kvarandre løfte om at dei vil leve saman i ekteskap - og når ein godkjent vigselsperson gjer kjent at ekteskapet er offentleg gyldig


Ei ekteskapsinngåing kan skje borgarleg eller kyrkjeleg - juridisk sett er det ingen skilnad. Men ein kyrkjeleg vigsel har eit kristent perspektiv i tillegg til den juridiske sida. Handlinga har preg av å være ei gudsteneste. Det blir lese bibeltekster om ekteskapet, og ein ber for dei som giftar seg. Ektepar som er vigde borgarleg, kan i ettertid velje å ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.

Kontakt kyrkjekontoret i god tid for å avtale vigsel!



Kva må ordnast før vigsel?

Endringar i Ekteskapsloven frå 1. oktober 2004 inneber at prestar og andre vigslare ikkje lenger skal stå for prøving av vilkåra for å inngå ekteskap. Prøving skjer nå av Folkeregistra.

Skjema

Kvar av forlovarane skal fylle ut skjemaet Forlovererklæring
Kvar av brudefolka skal fylle ut skjemaet Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra

Endring av namn

Ved endring av namn skal det etter Namnelova av 7. juni 2002 sendast melding om endring av navn til folkeregisteret
Papira skal sendast til: Aure folkeregister
v/ Skatt Midt-Norge
Storgata 13
6509 Kristiansund

Viss ingen av brudefolka er oppførte som busett i Aure kommune, må prøvinga skje på det folkeregisteret der ein av brudefolka er registrerte som busett. Folkeregisteret føretek prøvinga, og sender deretter prøvingsattest til Soknepresten i Aure.
Obs! Husk å sette kryss for at prøvingsattest skal sendast til vigslaren, elles blir den sendt heim til dykk, og de må overbringe den til kyrkjekontoret. Etter vigsel får brudeparet ein mellombels vigselattest av presten, og vil få tilsendt endeleg vigselsattest frå folkeregisteret med det første.

Når de kontaktar kyrkjekontoret, avtalar de dato og klokkeslett for vigselen. Det kan vere lurt å ringe i god tid, for å vere sikker på at vi har prest ledig. Dette gjeld særleg om vigselen skal vere på sommarstid. Opplysningar om kven som skal vere forlovar, ønskjer om musikk m.m. kan vi få seinare. Når det nærmar seg vigselen, vil presten ha ein samtale med brudefolka.

Dei som blir vigde i Gullstein, Aure Stemshaug eller kyrkjer, får ein brudebibel av kyrkjelyden etter vigselen.

Sist endret 13.09.2017 16:03:25
Postboks 33
6689 Aure
Epost
Telefon: 71 64 74 00
Faks: 71 64 74 08
Org.nr.: 988 913 898
Kontonr.: 4202 0399028
Kommunenr.: 1576
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.