Aure kommune
 
 
 
Se hele menyen

Aure kommune

Meny

Konfirmasjon

I Aure får alle som går i åttande trinn på ungdomsskulen invitasjon til å bli med på den kyrkjelege konfirmantundervisninga. Denne invitasjonen blir sendt ut i mai - juni kvart år.
 


Konfirmantundervisninga startar i september og varer til ut mai månad. Konfirmantane frå Aure og Stemshaug har felles undervisning, men er delte på enkelte gudstenester. Konfirmantane frå Tustna har eiga undervisning. Vi har undervisning ca. annankvar veke like etter skuletid.

I tillegg til dei vanlege timane, reiser vi ei helg på konfirmantleir. Dessutan brukar vi å ha eit par aktivitetsdagar der vi gjerne besøker/samarbeider med andre konfirmantar. Til dømes Aure/Stemshaug, Tustna og Smøla. Konfirmantane skal òg vere med på åtte gudstenester i løpet av året. Det er fire før jul og fire etter jul.

Sist endret 13.09.2017 16:03:32
Postboks 33
6689 Aure
Epost
Telefon: 71 64 74 00
Faks: 71 64 74 08
Org.nr.: 988 913 898
Kontonr.: 4202 0399028
Kommunenr.: 1576
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.